Vandreutstillinga: Hovudplagg og hårmote

Er du på reisefot så kan hende du legg du turen innom utstillinga vår? Me har laga 75 ulike hovudplagg som er henta frå folkedraktene våre og som du kan bruka til bunaden i dag. Utstillinga har vore på reisefot sidan mars 2022.

Konehuer frå Indre Sogn. Foto: Helge Gudheim

Utstillinga opna på Stiklestad

Under eit stilig arrangement i Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK) i Trøndelag 19. mars 2022 vart hovudbunadutstillinga til Norsk folkedraktforum (Nff) opna. Før opninga spelte eit heilt juniorspelemannslag for dei 40–50 bunadkledde deltakarane frå Nff.

Avtroppande Nff-leiar, Jakob Bjerkem, ynskte velkomen og sa dette er ein del av prosjektet med å nominere norsk bunadbruk til UNESCOs representative liste for immateriell kulturarv.

Nestleiar i Nff og leiar av hovudbunadkomiteen, Helga Reidun Bergebakken Nesset frå Alvdal, fortalte at arbeidet med prosjektet starta i 2017.

– Hovudplagga er ein «missing link» i bunadbruken, og difor vart dette eit prosjekt for oss. 22 regionale grupper har vore i sving, og 70 hovud er no med i utstillinga. Me har laga eigen katalog, og poenget er å syne tradisjonell hovudbunadbruk. Takk til alle som har vore med, og takk for all kunnskapen som ligg bak, sa Helga Reidun Nesset.

Fylkesvaraordførar i Trøndelag, Tomas Iver Hallem (Sp) kom i feiande flott rekonstruert mannsbunbad frå Nord-Trøndelag og foretok snorklypping og den offisielle opninga. Men fyrst sa han at at me har felles sak, og at det «fyrste årsmøtet» i Trøndelag Senterparti skjedde her på Stiklestad i 1030…

– De gjer alle ein prisverdig innsats for folkedraktene og bunadene, og de set dei inn i ein historisk kontekst. Trøndelag fylkeskommune har skrive under på støtte til UNESCO-søknaden. Og personleg har eg også ein nært forhold til min bunad, som er laga av Berit Bjerkem og mi svigermor frå Valdres. Trønderane og det norske folket var opptekne av å kle seg, og bunad og folkedrakt er no det ypparste plagget til fest. Men det er for få karar i Trøndelag som brukar bunad. Eg vil vera ein ambassadør for bunader, og det skal bli spanande å sjå på hovudplagga i utstillinga. Gratulerer med årsmøtet og utstillinga, sa Tomas Iver Hallem – før han klypte snora saman med Helga Reidun Nesset.

Målet med dette prosjektet er å få hovudplagget i aktivt bruk i samsvar med tradisjon gjennom rekonstruksjon frå tradisjonell draktskikk med den opprinnelege håroppbindinga.  Vi legg vekt på at hovudplagget får sin naturlege plass i drakta. Gjennom engasjement og kunnskap er prosjektet meint som ei historisk innføring, og til hjelp ved rekonstruksjon av bunadar.  Prosjektet skal også føre til  bevissgjering kring hovudplagget i dagens bunadbruk.

Prosjektet har ei todelt målsetting:

- Informere, og dyktiggjere bunadprodusentar og bunadbrukarar om hovudplagg

- Informere barn og unge om hovudplagg og håroppbinding som  del av ein draktskikk

Utstillinga har fått støtte frå Norsk kulturråd.

Norsk folkedraktforum sette igang prosjektet i 2017 som del av arbeidet mot å få bunadbruk innskriven på UNESCO si representative liste over levande kulturarv. Den innskrivinga kom 5.desember 2024.

Det har vore viktig å samla folk rundt utstillinga på ulike stader gjennom desse åra. på kva stad har medlemmane i Norsk folkedraktforum teke del i ulike arrangement.

I februar 2025 står utstillinga i Tynset kulturhus
Hovudbunader frå Nord-Østerdalen. Foto: Helga Reidun B. Nesset

Den vidare reiseruta:

Rørosmuseet, Røros: 8.mars – 7. april 2025

Aukrustsenteret, Alvdal: 12. april – 20. mai 2025

Sigdal museum: 15. juni – ut august 2025

Ledig resten av hausten 2025

Ryfylkemuseet, Sand: februar - august 2026

Helga Reidun Bergebakken Nesset og Tomas Iver Hallem, fylkesvaraordførar i Trøndelag på veg til å opna utstillinga. Foto: Helge Gudheim

Norsk folkedraktforum sin prosjektkomite:

HOVUDBUNAD-GRUPPA til Nff er samansett av (frå høgre) Helga Reidun Bergebakken Nesset frå Alvdal, Kirstine Prestmoen Tallerås, Folldalen, og Sidsel Tischbein, Lier. Gruppa får grafisk hjelp til plakatlaging av Tore Stang i Lier.
Luver frå Rogaland, Sogn og Numedal utstilt under arbeidsmøtet i Sandefjord i 2021. Foto: Helge Gudheim.

Hanne Yndestad Aadland viser Magny Karlberg ein gammal valk til svarthua frå Midt-Hordland. Foto: Helge Gudheim i Sandnefjord

Helga Møller Berg Viser fram hovudplagga frå Sør-Østerdalen. Foto: Helge Gudheim i Sandefjord.

Hovudplagg frå Øvre Numedal er klare til utstilling.

Utstillinga har blitt vist på desse stadene:

Stiklestadkultursenter, våren 2022

Helgelandmuseum, Leirfjord, sommaren 2022

Helgelandmuseum, Vefsn, sommaren 2022

Maihaugen, Lillehammer: 5.nov 2022 til 15.januar 2023.

Vang folkebibliotek, Valdres: 25. jan til 4. mars 2023.

Museum Stavanger: 16.mars til ut september 2023

Hardanger folkemuseum, Utne: Midten av oktober – januar 2023

De Heibergske Samlinger, Kaupanger: 1.febr – 2.april 2024

Sunnfjord Museum, Førde: 14.april – 26.mai 2024

Nordlek i Arendal (Noregs Ungdomslag): 16. – 20. juli 2024

Glomdalsmuseet, Elverum: 22.juli – 4. august2024

Glomdalsmuseet, Trysil: 6. – 19. august 2024

Brekke museum, Skien: sept. 2024 – jan - 2025

Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av increo.no