Norsk folkedraktforum (Nff) arbeider for å ta opp att og vidareføre folkedraktene frå 1700- og 1800-talet som bunader i vår tid. Eit av spørsmåla blir då om ein skal vidareføre tradisjonane frå fortida mest muleg slik dei var – eller om ein kan tillate seg å tilpasse bunadene inn i vår samtid?
Dette er både eit ideologisk og prinsippielt spørsmål.
Dersom me ser på bunadbruken i dag – frå rekonstruerte folkedrakter, via konstruerte og broderte bunader frå fyrste halvdel av 1900-talet til fritt komponerte festdrakter frå andre del av 1900-talet – så ser ein at det elementet som fyrst blir lagt bort, er hovudplagget. Men me må hugse at til absolutt alle bunader – både for kvinner og menn – så høyrer det hovudplagg.
Noko av problemet knytt til dette elementet av drakta, er at dei rekonstruerte folkedraktene har sitt opphav i ei tid med heilt andre normer og reglar i samfunnet. Nokre hundre år bakover i tida var det forventa at gifte kvinner skulle dekkje håret i det offentleg rom. Vaksne, ugifte kvinner hadde stort sett eigne hovudplagg som var ein mellomting mellom barnet og den giftekvinna sitt.
Også menn hadde alltid hovudplagg, men utan tydeleg skilje mellom ungkar og gift. Regelen var at menn skulle ta av seg hovudplagget innomhus, særleg i kyrkjeleg samanheng. Det hadde med respekt overfor det guddommelege å gjera.
Men korleis handterer me så dette i vår moderne, sekulæretid med andre samlivsformer? Mange kvinner føler at hovudplagget er eit kvinnediskriminerande element, og ynskjer å slå lokkane ut i frigjeringsperpektiv.
"Problemet" er at dei rekonstruerte bunadene er klede frå ei anna tid, med heilt andre samfunns- og kjønnsrolle nomer. Nff arbeider for å vidareføre folkedraktene på ein så historisk korrekt måte som muleg som bunader. Difor har me også fokusert på og oppmodar til bruk av hovudplagg til alle bunader.
Med endra samlivsformer i vår tid, så stemmer ofte ikkje dei gamle normene for den sivile statusen som hovudplagga for kvinner representerte. Spørsmålet blir då kva hovudplagg kvinner skal velja om ein er sambuar, skild, åleinemor, enke eller om ein er vel vaksen og aldri vart gift. Dette må den enkelte sjølv kjenne på, og velja hovudplagg ut frå det.
Det er heilt frivillig å bruke bunad, men sidan dei rekonstruerte bunadene er historiske klede frå ei anna tid, så meiner me også at ein bør ta med seg tradisjonen og bruke bunadene i mest muleg opphavleg og komplett form. Og då høyrer alltid hovudplagga med. Dei er ein viktig del av heilheita for bunaden.
Klikk på fotoet av brureparet frå Setesdal så får du sjå fleire fine folk i bunad med hovudplagg!