Nff er del av Geofolk

Fotograf David Botond i Romania reiser frå land til land i Europa og fotograferer folk i deira nasjonale drakter. Han har fotografert 4000 personar til nå. Omlag 50 av desse er frå Norsk folkedraktforum sine medlemmar, fotografert på Norsk folkemuseum 22.mars i år. Nå har me fått meir enn 600 foto.

Bjørn Sverre Hol Haugen, Målfrid Grimstvedt og David Botond på Norsk folkemuseum. Foto: David Botond / Geofolk
Bringeklutbunad frå Vest Telemark
Gudbrandsdalen
Nord Trøndelag
Samnanger
Øvre Hallingdal

GEOFOLK

Kva er prosjektet Geofolk?

David Botond er ein fotograf som driv prosjektet han har kalla Geofolk. Han har reist verda rundt for å fotografera folk i tradisjonelle drakter. Han er sjølv frå Romania, med ungarsk bakgrunn. Han seier at han nå er mest interessert i å fotografera i Europa. Han var i Danmark hos Dansk folkefraktforum. Gjennom dei fekk han kontakt med Norsk folkedraktforum.

Fotografia han tar bli pubisert på Facebook, men også på store utandørs utstillingar. I mai 2025 ga han ut si første bok under tittelen Geofolk. I denne boka presenterer han 400 foto frå 27 ulike land i Europa.

Omslaget på boka.

Boka er inndelt i tre kapittel. Det første legg vekt på hovudplagg sidan desse ofte er markørar for ein region, sosial status og mote. Neste kapittel tar for seg handvek - blonder, broderi, stoff og legg vekt på dei mange teknikkane i tradisjonelt handverk. Det siste kapittelet presenterer menneska som bevarer tradisjonen gjennom å bruka draktene. Dei er det viktigste for at tradisjonane skal bli vidareført.

Alle dei som var med på fotograferinga på Norsk folkemuseum har nå fått sine foto som dei kan bruka fritt.

Her gir me nokre glimt av fotoseansen - mange ivrige som pynta og retta på draktene.

Telemark
Nord Østerdal
Sunnfjord

David ville fotografera oss frå alle vinklar: Rett fram, eine sida, ryggen, andre sida:

Ryfylke
Ryfylke

Indre Sogn

Sigdal
Hadeland

Nord Trøndelag

Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av increo.no