Utstillinga vår om hovudplagg opnar Ryfylkemuseet, Rogaland 24. januar 2026 og står ut august.Utstilling av ikkje mindre enn 75 ulike hovudplagg til bunader frå heile landet, både for menn og kvinner. Og som vanleg har den lokale utstillaren lagt til noko som du berre ser her.

Vandreutstillinga viser nysydde hovudplagg som er laga av medlemmane i Norsk folkedraktforum rundt i landet. Her er hovudplagg til både jenter, koner, gutar og menn. Alle høyrer til bunader som bygger på folkedraktene våre. Dei fortel om kor mange ulike handverkstradisjonar som våre formødre beherska. Her er det finaste broderi og vevde band. Det var ei kunst å stiva opp mange hovudplagg. Og det er mykje levande kulturarv i det å læra å kle på seg desse hovudplagga.
Nå har utstillinga vandra rundt - til 18 ulike stader pr. nå. Reiseruta er slik:
Ryfylkemuseet: 24. januar til ut august 2026
Romsdalsmuseet: sommaren 2027
Du kan lesa meir om koss utstillinga har blitt til her:
Trykk på fotoet under for å sjå fleire. Alle foto: Sigdal museum, Raulandsakademiet, Målfrid Grimstvedt
